Lys på fjellovergangane gjev meir opne vegar

E134 over Haukelifjellet var første fjellovergang som fekk sett opp lys langs vegen for mange år sidan,

E134 over Haukelifjellet var første fjellovergang som fekk sett opp lys langs vegen for mange år sidan, Foto:

Av

Etter at det vart sett opp uvêrslys på fleire av fjellovergangane i Noreg, blir vegane sjeldnare stengt. – Investeringane har gjeve resultat, seier vegvesenet.

DEL

E134 over Haukelifjellet var første fjellovergang som fekk sett opp lys langs vegen for mange år sidan, skriv NRK.

I 2016 følgde ruteveg 52 over Hemsedalsfjellet etter. Der vart det brukt 10,5 millionar kroner på å lyssette 3,5 kilometer med vêrutsett veg. I 2017 vart det lys òg over E16 Filefjellet. Prislappen for det 9 kilometer lange strekket over Filefjell med lys vart 13 millionar kroner.

Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden seier til NRK at investeringane har gjeve avkasting.

– Vi ser at vi kan vente lenger før vi startar kolonnekøyring, og at det skal meir til før vi stenger, seier han.

Finden legg og til at investeringane nok ikkje vil gje like gode resultat alle plassar, og at det difor ikkje blir lys på alle fjellovergangar.

Artikkeltags