Færre sauebønder søker tilskot

I innspelet til jordbruksoppgjeret går Norsk Sau og Geit (NSG) inn for kraftig auke i mange av tilskota til saue- og geitebønder.

I innspelet til jordbruksoppgjeret går Norsk Sau og Geit (NSG) inn for kraftig auke i mange av tilskota til saue- og geitebønder. Foto:

Av

I 2018 var det over ein million sauer her i landet. No er talet nede i 937.000, ein nedgang på 7 prosent.

DEL

13.800 sauebønder har søkt om produksjonstilskot, og det er 3,7 prosent færre enn i 2018, melder SSB. Tala er per 1. mars 2019.

Til saman 26.000 husdyrprodusentar søkte om produksjonstilskot i perioden, som er ein nedgang på 600 samanlikna med fjoråret.

I same periode minka den samla storfebesetninga med 15.000 dyr til 862.000, etter ein særs tørr sommar, då det vart slakta meir storfe enn vanleg.

Slaktetala kunne vorte endå større om det ikkje hadde vorte innført tidlege tiltak, som auka miljøkvotar og raskare behandling av søknader om erstatning etter avlingsskade. Mengda ammekyr auka med 1.600 dyr til 92.700, medan mengda mjølkekyr gjekk ned med 3.600 til 215.000.

Talet på mjølkegeiter var 36.000 i 2019. I same periode har talet på av

Artikkeltags