Motorsyklist melde om skadd sau

Sauen skal ha hatt delvis avrive jur, men politiet har ikkje kome i kontakt med eigaren.

DEL

– Det var ein motorsyklist som melde om ein skadd sau på gamlevegen over Haukelitunnelen måndag, opplyser politioverbetjent Øystein Torsnes.

Det skal ha vore ein sau med to lam, der sauen hadde delvis avrive jur.

– Det blei forsøkt kontakta nokre saueeigarar, utan at vi har fått nokon tilbakemelding, seier Torsnes, og oppmodar folk til å ta kontakt dersom dei kjenner til sauen.

Artikkeltags