670.000 har lasta ned førarkort-appen

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Av

Statens vegvesen opplever stor interesse for det digitale førarkortet. Det første døgnet har 670.000 brukarar lasta ned den nye appen for lappen.

DEL

– Vi visste at dette kom til å bli populært, men interessa og trafikken overgår det meste. Vi er glade for at folk set pris på tenesta, seier direktør Bodil Rønning Dreyer i Statens vegvesen.

Den eldste brukaren av tenesta er 95 år. Det er totalt 10 personar over 90 år som har lasta ned appen, ifølgje Vegvesenet.

2,2 millionar førarkort-innehavarar kan bruke det nye digitale førarkortet. Nokon får ikkje tatt i bruk appen fordi at det ikkje ligg eit digitalt bilde i Vegvesenet sitt system.

Fleire land utviklar digitale førarkort, men Noreg er truleg det første landet i Europa som rullar ut løysinga i full skala, opplyser Statens vegvesen.

– Vi ønsker å gjere det enklare for folk å bruke Vegvesenets tenester. Vi har brukartenester og digitale tenester innan mange område. No òg på førarkort, seier Dreyer.

Det digitale førarkortet er gyldig dokumentasjon på førarrettane dine. Du treng ikkje å ha med plastkortet i tillegg. Det digitale førarkortet er førebels berre gyldig i Noreg og som legitimasjon dersom du blir stoppa i trafikkontroll.

Digitalt førarkort kan berre bli nytta på éin telefon om gongen. For iPhone må du ha iOS-versjon 9.0 eller nyare, medan Android-brukarar må ha versjon 6.0 eller nyare.

Artikkeltags