– Til lenger inn me kom, til verre vart det

Det gjeld å halda kontrollen døgeret rundt. Knut Brusletto vil ikkje tilrå andre å satsa som maskinentreprenør. Han seier bransjen er tøff å overleva i og farane med å veksa er mange. Likevel driv han, for jobben engasjerer.