Feil i CWD-register: Har truleg fleire prøvar frå vidda

Bukkejakt: Villreinstamma er under bestandsmålet, og dette saman med fleire uavklarte spørsmål kring vidare arbeid med CWD i Noreg gjere at det har kome sterke reaksjonar på jakta.

Bukkejakt: Villreinstamma er under bestandsmålet, og dette saman med fleire uavklarte spørsmål kring vidare arbeid med CWD i Noreg gjere at det har kome sterke reaksjonar på jakta. Foto:

DEL

16. september var det registrert at Veterinærinstituttet har analysert 516 CWD-prøvar av villrein frå Hardangervidda.

Samstundes trur dei at jegerane har sikra fleire prøvar, men opplyser at ei feil i kopling mot hjorteviltregisteret gjere at mange prøvar for jakta i 2019 er registrert utan korrekt område og art.

«Antall prøver fra f.eks. villreinområdene er derfor større enn det som kommer fram av statistikken "Oversikt over undersøkte prøver fra hjortedyr i Norge i 2019"», melder Veterinærinstituttet.

Villreinnemnda gjekk inn for eit uttak på opp mot 1800 vaksne bukkar for å tilfredsstille Mattilsynet sitt krav om prøvar av CWD, og det er i år ei rein bukkejakt på vidda.

Artikkeltags