Cruisenæringa klare til å ta miljøansvar, men treng tid

Cruise i Odda sommaren 2018.

Cruise i Odda sommaren 2018. Foto:

Av
DEL

– Me må erkjenna at me har eit problem, seier Tor Christian Sletner i bransjeorganisasjonen Cruise Lines International Association (Clia).

På Vestlandskonferansen 2018 i Bergen ville han overtyda reiselivsnæringa i fjordfylka om at cruisenæringa ikkje er verstingen når det gjeld utslepp frå skipstrafikken eller overturisme.

– Berre fem prosent av turistane som besøkjer til dømes Venezia kjem med cruiseskip. Det same talet er 25 prosent for Bergen. Det er ikkje snakk om store tal, seier Sletner i Clia.

Fleire cruiseskip i åra som kjem

Likevel blir det sett i drift 105 cruiseskip det neste tiåret. Det er om lag 15 til 20 i året fram til 2027.

– Dette viser ei aukande interesse for cruise og at cruise er kommen for å bli. Det er ikkje fordi me seier det, men fordi marknaden og kundane vil ha det, seier Sletner.

Levetida på eit skip er på 30 til 40 år og blir bygd på standarden som til kvar tid gjeld. Dermed blir ein ikkje kvitt vassdampen med nitrogenoksid og svoveloksid med det same, innrømmer han.

– Målet er å bli rein, men teknologien er ikkje på plass. Den skal utviklast og me skal vera med på den utviklinga.

Må omstilla – treng tid

Allereie neste år blir det strengare krav til utslepp i verdsarvfjordane. Desse blir gradvis strengare fram til 2026 då målet er nullutslepp. I høyringssvaret til forslag til miljøkrav svara Clia at tidsfristane til Sjøfartsdirektoratet ikkje gir næringa tid til å omstilla seg.

– Det har blitt tolka som at me ikkje er for strengare miljøkrav. Det stemmer ikkje, seier Sletner. Han peikar på at hovudinnvendinga deira er at dei treng tid for at ei stor og til dels konservativ næring skal endra seg.

Han blei tilsett i Clia i juli og seier sjølv at han blei hyra inn fordi han kjenner Noreg og det norske lynnet. På reiselivskonferansen til Fjord Noreg var han ærleg på at reguleringane tvinger fram endringar i bransjen han representerer.

– Me har forstått at noko må gjerast. Frå 2025 vil skipa våre bruka 30 prosent mindre drivstoff, me får luftbobler som går langs skroget for redusera luftmotstanden og me har botnstoff med låg friksjon for å spara drivstoff.

Dette er nokre tiltak som reduserer utsleppa, men det er langt fram til nullutslepp, innrømmer Sletner.

– Førebels er naturgass det beste alternativet me har. Me kan godt ønske oss hydrogen og solceller, men me må vera sikre på at det fungerer.

(©NPK)

Artikkeltags