No blir det ny ekspressbuss mellom Bergen og Oslo

Av

Det har ikkje gått ekspressbuss mellom Oslo og Bergen dei ti siste åra. No gir Hordaland fylkeskommune etter for press frå regjeringspartia, og tillèt samanhengande ekspressbuss mellom dei to byane, fortel NRK.

DEL

I januar i år søkte Tide Buss og Telemark bussruter om å starta opp att den samanhengande ekspressbussruta mellom Oslo og Bergen. Selskapet driv i dag Haukeliekspressen mellom Oslo og Haugesund.

Men dei fekk avslag frå Hordaland fylkeskommune.

Men dette var ikkje i tråd med regjeringsplattforma til Høgre, Frp og Venstre. Partia går inn for liberalisering av ekspressbussmarknaden.

I etterkant av søknaden i januar har busselskapa og Hordaland fylkeskommune snakka saman. Resultatet er at fylkesadministrasjonen no gir klarsignal for ekspressbussen.

– Det staten seier no er at dei kommersielle skal få lov å drive der dei meiner det er marknad for det. Om dei finn marknad for å drive, skal dei få lov til det, seier samferdsledirektør Håkon Rasmussen til NRK.

Artikkeltags