Mangel på bussjåførar: – Hadde vi ikkje hatt pensjonistane, hadde vi hatt store utfordringar

Illustrasjonsfoto.

Illustrasjonsfoto.

Av

Noreg treng 1.000 fleire bussjåførar kvart år. I Firda Billag er gjennomsnittsalderen 59 år. To av sjåførane er 74 år.

DEL

– Hadde vi ikkje hatt pensjonistane, hadde vi hatt store utfordringar, fortel Frode Romarheim, dagleg leiar i Firda Billag Buss, til NRK.

Og det blir ikkje betre i åra framover.

– Vi har eit stort behov for fleire sjåførar, seier Romarheim.

Men Firda Billag er ikkje det einaste transportselskapet som treng fleire folk.

For halvtanna år sidan fekk NHO Transport utarbeidd tal som viser at Noreg treng 1.000 nye bussjåførar kvart år framover. Utfordringa er stor i byane, men størst i distrikta.

Tala viser at på landsbasis er to av tre sjåførar over 50 år. Administrerande direktør i NHO Transport, Jon H. Stordrange meiner ein no må tenkje nøye på rekruttering for å dekke behovet som kjem i åra framover.

NHO Transport fekk for halvtanna år sidan gjennomslag for å tilby lån til bussjåførutdanning gjennom Statens lånekasse for utdanning.

– Det har vore ein stor suksess, berre første året var det 600 personar som søkte om finansiering til å ta utdanning, seier Stordrange.

Men hovudansvaret for å få fleire bak bussrattet meiner han ligg hos busselskapa.

– Vi kan leggje til rette, men det er selskapa sjølv som må gjere rekrutteringa.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken