Skogbrann i Ullensvang - Sleppte 90.000 liter vatn

Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Måndag ettermiddag byrja det å brenna i ulendt terreng i skogen i Vallavik i Ullensvang. Eit skogbrannhelikopter vart rekvirert.

DEL

Siste: Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen i Hordaland opplyser til HF tysdag morgon at helikopteret gav seg klokka ti måndag kveld, etter å ha sleppt 90.000 liter vatn over brannen.

- Vi har ein kar som har heldt oppsyn med området natta gjennom, og så blir det tatt ei ny vurdering i morgontimane om det skal gjerast noko meir, seier han.

Sjølve brannen er sløkt, men det kan vera fare for ulmingar i terrenget nedover.

110-sentralen opplyste kort tid etter at helikopteret var på plass at dette hadde effekt på brannen. Dei hadde då hatt tre slepp med vatn.

– Det ser ut til å gå bra, helikopteret er i aksjon, og det har veldig god effekt på brannen, sa operatør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen til HF tidlegare i ettermiddag.

Brannvesenet kunne då sjå at brannen minka.

– Slik det ser ut no vil ein nok halde på fram til brannen er så godt som sløkt, seier han.

Kor langt tid det vil ta, er vanskeleg å seia. Dei har framleis ikkje heilt oversikt over kor stort område som brenn.

– Vi veit at det brenn oppe i fjellet, ein kan sjå flammar og røyk, men kor stor brannen er, er vanskeleg å bedømma nedifrå, sa Drotningsvik halv fire.

Ifølge Drotningsvik er det for bratt til at mannskapene kjem seg opp til brannen, derfor vart det bestilt inn helikopter.

Artikkeltags