Grasbrann ved Rogdavegen

110-sentralen melder om ein mindre grasbrann ved Rogdavegen i Ullensvang.

DEL

– Innringar og andre driv sløkking med bøtter og har delvis kontroll, melder 110-sentralen på Twitter.

Både brannvesen og politi har rykka ut til brannen.

Politiet skriv at brannen skal vera i eit bratt terreng, og at det ikkje ser ut til å vera stor fare for spreiing, ifølge den som har meld frå om brannen.

– Det er tørt terreng i området, skriv politiet.

Les også: Pass på: – Tar det fyr, så spring det fort av garde

Artikkeltags