Fylkeskommunar granskar bomselskap

Av

Både i Hordaland og i Sogn og Fjordane har kontrollutvalet i fylkeskommunen sett i gang gransking av bomselskapet Ferde.

DEL

Granskinga kjem etter at NRK mellom anna har retta kritisk søkjelys mot pengebruken i selskapet.

– Basert på informasjonen og spørsmåla vi har fått frå NRK, har vi sett i gang ein selskapsgjennomgang. Vi ser på rollene i selskapet, korleis selskapa er organisert, og vi kjem til å gå ganske djupt inn i pengebruken til selskapet for å koma til botnar i dette, seier leiar av kontrollutvalet i Sogn og Fjordane, Frank Willy Djuvik (Frp) til kanalen.

Både Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune har eigardelar i det offentleg eigde bompengeselskapet. Det same har fylkeskommunane i Rogaland, Vest-Agder og Aust-Agder.

Djupvik strekar under at det er viktig at eit selskap som forvaltar pengar på vegner av det offentlege brukar pengane rett og at innbyggjarane kan stola på selskapet.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken