«Verdas raskaste ladestasjon» opna i Røldal

Superladestasjon: Illustrasjonsfoto.

Superladestasjon: Illustrasjonsfoto. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Fredag opna Tesla sin superladestasjon i Røldal.

DEL

Ladestasjonen er ved Røldalsterrassen, og består av 12 ladeplassar.

– Supercharger er verdas raskaste ladestasjonar, skriv Tesla i ei pressemelding.

Målet med stasjonen er å styrka nettverket, og å gjera langdistansereiser i Sør-Norge enklare.

829 bilar var på bilspa i Roald si «mancave» i fjor 

Medrekna Røldal er det i dag 50 superladestasjonar i Norge, med til saman 572 ladeplassar.

Det er Håradalen Utvikling som eig arealet i Røldal, og dei vil leiga området til Tesla Motors Norway.

– Ein superladestasjon i Røldal vil gjera det mogleg for endå fleire Tesla-eigarar å ete lunsj eller middag medan bilen ladar. Dette vil styrka Røldal sin posisjon som ein naturleg stoppestad og knutepunkt for elbilistar på langtur, skreiv Tesla då dei søkte kommunen om dispensasjon frå reguleringsføremål til å bygga superladestasjonen.

Tesla sine «superladarar» er ikkje tilgjengeleg for elbilar av andre merke enn Tesla.

Artikkeltags