Politiet med klar oppmoding til båtfolk i Hardanger: – Dette er ikkje bra nok

ILLUSTRASJONSFOTO. 
Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

ILLUSTRASJONSFOTO. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK Foto:

Kystvakta hadde ein negativ tilbakemelding etter Morellfestivalen i helga.

DEL

Lensmann i Hardanger, Terje Kvalvik, seier til HF at politiet er godt nøgde med arrangementet på Lofthus i helga.

– Det er god organisering, og vi er spesielt nøgde med at det var godt lagt til rette for transport heim på kveldane, seier han.

Politiet fekk og god tilbakemelding frå kystvakta når det gjeld båt og promille.

– Der var ingen tatt. Det er positivt, seier Kvalvik.

Ein ting er dei likevel ikkje nøgde med:

– Det er mykje manglande bruk av redningsvest. Det vil vi oppmoda sjøfolket om å ta i bruk. Er båten under åtte meter skal vest alltid vera på, seier han.

Her har båtfolket i Hardanger heilt klart eit forbetringspotensial, meiner lensmannen.

– Eg håpar dei tar poenget. Ein høyrer om altfor mange drukningsulykker i media.

Artikkeltags