Ingebjørg Bratland-konsert avlyst – Herborg steppar inn

Pressefoto.

Pressefoto.

Den utselde konserten på Baroniet Rosendal med folkemusikaren Ingebjørg Bratland er avlyst.

DEL

(Kvinnheringen) Baroniet Rosendal melder på sine heimesider at artisten søndag knakk kragebeinet og skal opererast denne veka. Konserten i kveld har lenge vore utseld. Det er ikkje sett opp ny dato, men artisten håpar å setja opp ny konsert om ikkje lang tid.

Herborg Kråkevik har på kort varsel sagt ja til å steppa inn for Bratland, og det midt i ferien sin. Herborg held derfor konsert i Riddersalen saman med sin mangeårige pianist Helge Lilletvedt, same tid som Bratland-konserten skulle vore.

Baroniet Rosendal skriv at det også er høve til å få refundert billettprisen eller å byta til ein annan konsert.

Artikkeltags