– Skal du køyre over 500 meter er det vinterdekk som gjeld

VINTEREN ER PÅ VEG: Slik ser det ut på Halbrendsnipa i Førde tysdag morgon.

VINTEREN ER PÅ VEG: Slik ser det ut på Halbrendsnipa i Førde tysdag morgon. Foto:

VÊR: I løpet av natta har snøen lagt seg i tretoppane ned mot 300 meter i indre strok. Sko deg for føret, er oppmodinga frå Vegtrafikksentralen.

DEL

(Firda) – Sko deg for føret. Vi veit at det er sleipt på enkelte vegstrekningar no. På Kvamsskogen til dømes, som berre ligg 300 meter over havet, ligg det slaps i vegen.

Det fortel trafikkoperatør Monica Øksengård.

Fjell over 500 meter har dei siste dagane fått melisdryss. På dei høgste fjellovergangane ligg det allereie mange centimeter med snø.

– Vi har ikkje fått inn meldingar om glatt vegbane i Sogn og Fjordane i dag, men ver obs på at vêret kan snu fort. Så skal ein ut og køyre over 500 meter over havet er det vinterdekk som gjeld, seier Øksengård.

Klokka 10.00 låg temperaturane i fylket mellom 4 til 6 grader, opplyser Vêrvarslinga på Vestlandet.

– Snøen i låglandet vil forsvinne. Då må ein over 500 meter før ein møter på snø, fortel meteorolog Tone Christine Thaule.

I ettermiddag vil regnet gå over til byer. Vinden skal også dreie til nord. Då vil også temperaturen krype lenger ned.

Onsdag er det meldt litt betre, og om du er i Indre Sogn vil du også få sjå sola.

Dette var temperaturane klokka 10.00:

  • Takle: 5 grader
  • Fureneset: 4,7 grader
  • Bringeland: 2,7 grader
  • Kvamsfjellet i Jølster: -1,9 grader
  • Haukedalen: 2,9 grader
  • Fjærland: 3,9 grader
  • Sogndal: 1,6 grader
Frudalen i Sogndal, 521 meter over havet.

Frudalen i Sogndal, 521 meter over havet. Foto:

Vikafjellet ved Hestaholtet, 892 meter over havet.

Vikafjellet ved Hestaholtet, 892 meter over havet. Foto:

Artikkeltags