Lånekassen set opp renta 1. juli

Av

Den flytande studielånsrenta blir sett 1. juli opp frå 2,17 til 2,20 prosent. Kortsiktige fastrenter går noko opp, medan dei langsiktige fell noko.

DEL

(Firda) Med verknad frå 1. juli vil fastrentene vere 2,52 prosent for tre års bindingstid, 2,77 prosent for fem år og 3,17 prosent for ti år, opplyser Lånekassen.

Frå 1. juli vil alle fastrentene vere høgare enn den flytande studielånsrenta, som altså vil vere 2,2 prosent.

Om det lønner seg å binde renta eller ikkje, veit ein ikkje før bindingsperioden er over. Lånekassen har sett på fastrenteavtalane som snart går ut. Her har nokre tent på fastrente, medan andre nok kan angre litt.

Dei som har bunde renta for tre år på 1,5 prosent, hadde i gjennomsnitt 0,5 prosentpoeng lågare rente enn den flytande. Desse kundane har dermed spart pengar på å ha fast rente.

Dei som har bunde renta for fem år på 2,7 prosent, låg 0,5 prosentpoeng over den flytande renta, medan det gjekk verst ut over dei som i 2009 batt renta på 5 prosent for ti år. Dei låg i gjennomsnitt 2,5 prosentpoeng høgare enn den flytande renta.

640.300 personar har flytande rente på studielånet sitt, medan 49.000 har fastrente.

Artikkeltags