Denne veka blir det storkontroll: Sjekkar beltebruken i bussar på heile Vestlandet

Denne veka blir det storkontroll av beltebruk i bussar.

Denne veka blir det storkontroll av beltebruk i bussar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

TRAFIKK: Denne veka skal nærare 150 kontrollørar frå Statens vegvesen sjekke korleis det står til med beltebruken i bussane som køyrer på Vestlandet.

DEL

(Firda) Det melder Statens vegvesen i ei pressemelding måndag.

– Det er i bussar der det er eit påbod om å bruke belte vi kjem til å kontrollera, seier Anne Margrethe Bøe, som er kampanjeansvarleg i Region vest.

– Denne gongen vil vi har fleire kontrollørar ute og vi vil vere på fleire plassar. Grunnen til det er at vi vil kontrollera fleire bussklassar der det er påbod å bruke belte, seier ho.

Beltebruken har gått ned

Ho fortel at det har kome fram i spørjeundersøkingar at 9 at 10 veit om påbodet, men likevel går beltebruken i buss ned.

– Dessverre ser vi at bruken har gått ned frå 81 prosent i fjor vår til 74 prosent. Dette er ikkje godt nok når vi veit at setebeltet reddar liv like mykje i buss som i bil. I bussen kan konsekvensane bli enormt store om det skjer ein ulykke og passasjerane sit usikra, seier Bøe. 

Artikkeltags