Talet sivilsaker hos domstolane har stupt

TALET SAKER GÅR NED: Tingrettane og lagmannsrettane behandla i fjor til saman snautt 6 prosent færre saker enn i 2017 og snautt 11 prosent færre enn i 2016.

TALET SAKER GÅR NED: Tingrettane og lagmannsrettane behandla i fjor til saman snautt 6 prosent færre saker enn i 2017 og snautt 11 prosent færre enn i 2016. Foto:

Av

Mengda sivilsaker i norske domstolar har falle med nesten 11 prosent dei siste to åra. Også talet på straffesaker viser ein nedgang i same periode.

DEL

(Firda) Tingrettane og lagmannsrettane behandla til saman 16.485 saker i fjor, snautt 6 prosent færre saker enn i 2017 og snautt 11 prosent færre enn i 2016. Det kjem fram av dokumenta frå styremøtet som Domstoladministrasjonen heldt måndag, ifølgjeRett24.

Også talet på straffesaker fortset å falle. Utviklinga kan ha samanheng med overgangsproblem i politireforma, men tala viser at det kan vere fleire moment som ligg bak, meiner domstolsdirektør Sven Marius Urke. Han har inga sikker forklaring på årsaka til at talet på sivile saker også fell.

– I straffesaker trur vi det har mykje med politireforma å gjere. Der ser vi no at talet igjen stig i Oslo, etter at nokre problem kanskje er løyste. Men det er uansett ein generell tendens til færre saker. Samtidig rapporterer domstolane at dei sakene som blir igjen, er meir alvorlege, og ofte meir ressurskrevande. Politiet ser ut til å prioritere færre og tyngre saker, og dette er ein teori vi må følgje med på, seier Urke.

Artikkeltags