Bankane varslar kraftig renteauke

DYRARE: Dei fleste vil få ei rente på bustadlånet sitt på mellom 2,5 og 3,0 prosentpoeng, men dei beste lånekundane kan få lågare rente.

DYRARE: Dei fleste vil få ei rente på bustadlånet sitt på mellom 2,5 og 3,0 prosentpoeng, men dei beste lånekundane kan få lågare rente. Foto:

Av

Allereie i første kvartal i år vart rentene på bustadlån auka av bankane. No blir det varsla om den kraftigaste renteaukinga på fleire år, i andre kvartal.

DEL

(Firda) Dette står i utlånsundersøkinga som Noregs Bank la fram torsdag, skriv Dagens Næringsliv.

Renteoppgangen kjem fordi Noregs Bank har sett opp renta to gonger det siste halvåret, først i september i fjor, og så igjen i mars i år.

No vil dei neste månadane òg by på tøffe tak. Sidan bankane må vente i seks veker frå dei varslar oppgang for eksisterande lånekundar, vil dei fleste ikkje merke hevinga før i april.

Sjeføkonom Kari Due-Andresen i Handelsbanken Capital Markets meiner få har opplevd oppgangen som ei ulempe så langt og at renteauken har verka dempande på bustadmarknaden.

– Renteoppgangen har allereie slått ut i bustadmarknaden. Berre det at renta ikkje går ned lenger er bremsande i seg sjølv, seier ho.

Dei fleste vil få ei rente på bustadlånet sitt på mellom 2,5 og 3,0 prosentpoeng, men dei beste lånekundane kan få lågare rente. Noregs Bank har anslått at bustadrenta vil stige til rundt 3,5 prosent dei neste tre åra.

(©NPK)

Artikkeltags