Samanslåinga får mange slags følger: No må dei utvide fylkestingssalen

TRONGT: Fylkestinget for Vestland fylkeskommune får ikkje plass i tingsalen på Hermansverk. Her er Sogn og Fjordanes fylkesting på 32 representantar samla.

TRONGT: Fylkestinget for Vestland fylkeskommune får ikkje plass i tingsalen på Hermansverk. Her er Sogn og Fjordanes fylkesting på 32 representantar samla. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

VESTLAND: Fylkestingssalen på Hermansverk blir for liten, når det nye Vestlandstinget skal ha samlingar der.

DEL

(Firda) Dette er eitt av dei praktiske utslaga som må handterast når Hordaland og Sogn og Fjordane går saman i det nye vestlandsfylket, og får eit fylkesting med 65 personar.

Dette fylkestinget skal halde tingsete også på Hermansverk. Problemet er at den noverande tingsalen frå 1991 den gong vart dimensjonert for det dåverande fylkestinget på 39 representantar.

Her er det berre ein ting å gjere, nemleg å utvide, meiner fylkesrådmann Tore Eriksen. På komande møte i fylkesutvalet legg han fram eit prosjekt til 9,6 millionar kroner, moms ikkje medrekna.

– I tillegg til dei 65 personane i det nye fylkestinget, vil administrasjon, media og publikum vere representerte under tingseta. Dagens fylkestingssal, Firdasalen, har ikkje rom for eit så stort tal personar utan at det vert smått om plassen, skriv fylkesrådmannen.

Han meiner at det ikkje vil vere mogleg for Vestland fylkeskommune å gjennomføre fylkestingsete med dagens romløysing for tingsalen.

Firdasalen i Fylkeshuset på Hermansverk har ikkje vore endra eller oppgradert i særleg grad sidan den vart teke i bruk i 1991.

Artikkeltags