Tilliten til politiet er svekt

SVEKKA TILLIT: Politiet si innbyggarundersøking for 2018 syner at politiet har svekka tillit sett opp mot året før. Bildet er eit illustrasjonsfoto.

SVEKKA TILLIT: Politiet si innbyggarundersøking for 2018 syner at politiet har svekka tillit sett opp mot året før. Bildet er eit illustrasjonsfoto. Foto:

POLITI: Ifølge ei undersøking er tilliten til politiet blitt svekka. Politiet trur at ein del av grunnen er det pågåande reformarbeidet.

DEL

(Firda) I politiet si innbyggjarundersøking for 2018 kjem det fram at 77 prosent av borgarane har svært eller ganske stor tillit til politiet. Dette er ein nedgang på seks prosentpoeng samanlikna med 2017.

Fleire komplekse saker og ny politireform

Politiet meiner det kan vere fleire grunnar til tilbakegangen på tillitsmålinga.

– Parallelt med gjennomføringa av politireforma har verda og kriminaliteten endra seg. Politiet har fått fleire komplekse og arbeidskrevjande oppgåver, og leverer ikkje gode nok resultat. Mellom anna vert det brukt for lang tid på etterforsking av prioriterte saker, skriv politiet i ei pressemelding.

Mest bekymra for svindel på nett

I undersøkinga kjem det fram at befolkninga samla sett er mest bekymra for svindel eller bedrageri på internett (30 prosent), trafikkfarlege hendingar (29 prosent) og identitetstjuveri (27 prosent).

Tre av ti meiner at politiet handterer ID-tjuveri, seksuelle overgrep eller krenkingar og nettsvindel på ein god måte. Berre to av ti meiner politiet handterer mobbing eller trakassering på nettet bra.

– Den teknologiske utviklinga går raskt, kriminaliteten blir meir kompleks, vanskelegare å oppdage og meir utfordrande å etterforske. Politiet ser at vi må bli betre på å førebyggje og etterforske kriminaliteten som skjer på nett, står det i pressemeldinga.

Undersøkinga er utført av Kantar TNS, på bestilling frå politiet.

Artikkeltags