Politireforma har problem, viser ny rapport

PROBLEM: Frå 2017 til 2018 auka talet ikkje påtaleavgjorde saker som var eldre enn tre månader med 4,4 prosent. Ei av fem saker er eldre enn 12 månader.

PROBLEM: Frå 2017 til 2018 auka talet ikkje påtaleavgjorde saker som var eldre enn tre månader med 4,4 prosent. Ei av fem saker er eldre enn 12 månader. Foto:

Av

Politijuristane fortel om djup frustrasjon og misnøye

DEL

(Firda) Det kjem fram i ein fersk evalueringsrapport om politireforma frå Difi.

Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) har på oppdrag frå Justisdepartementet evaluert politireforma, tre år etter at ho vart sett i verk. Evalueringa avdekker store problem innover i politiet, skriv Rett24. Rapporten tar til orde for stans av nye reformer og oppgåver.

«Uten at det skapes forståelse og motivasjon for endringene, vil reformen ikke lykkes», heiter det mellom anna i evalueringa.

Manglar erfarne etterforskarar

Difi konstaterer at etterforskingskapasiteten var den same i 2018 som i 2013. I same periode har budsjettet til politiet skote i vêret.

Ei av årsakene er ifølgje rapporten at nye funksjonar og reformaktivitetar legg beslag på store ressursar. Difi trekker òg fram at det manglar erfarne etterforskarar. Årsaka er mellom anna at lukrative tillegg i operativ teneste lokkar etterforskarane bort.

I rapporten tilrår Difi at det blir like attraktivt å søke seg til etterforsking som til operative oppgåver.

Djup frustrasjon og misnøye

Leiar av Politijuristane i Juristforbundet, Are Skjold-Frykholm, meiner reforma er ein av årsakene til at juristane i haust gjekk inn for å skilje påtale ut frå politiet.

Manglar lønnsmidlar til meir enn ti politiårsverk 

– Slik eg ser det, er landsmøtevedtaket eit uttrykk for djup frustrasjon og misnøye hos påtalejuristane. Politireforma har mellom anna medført auka arbeidsbelasting for påtalemakta, mindre fokus på kvalitet og meir på måltal, lengre reiseveg i arbeidssamanheng, tyngre arbeidsprosessar, mindre innverknad over eigen arbeidskvardag, og dessutan auka avstand til øvste leiar, seier Skjold-Frykholm til Rett24.

Difis statusrapport beskriv fjoråret som krevande:

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for oppklarte saker auka frå 96 til 101 dagar. Det er det same nivået som i 2014. Den største auken gjeld seksuallovbrot. Frå 2017 til 2018 auka talet ikkje påtaleavgjorde saker som var eldre enn tre månader med 4,4 prosent. Ein av fem saker er eldre enn 12 månader.

Må redusere ambisjonane

Direktoratet tilrår at ambisjonsnivået i reforma blir revurdert, slik at det samsvarar med ressursane til politiet og nye oppgåver og krav.

Prosjektleiar Vivi Lassen i Difi utdjupar dette slik:

– Sett i lys av ambisjonane og slik ressurssituasjonen er, så bør ein revurdere korleis framdrifta skal vere, seier ho til Aftenposten.

– Det har vore mange endringar det siste året, som har sett dei tilsette i ein spesielt krevande situasjon. Alt kan ikkje bli betre på ein gong, seier ho.

Statssekretær i Justis- og innvandringsdepartementet, Thor Kleppen Sættem (H), erkjenner at nærpolitireforma er ein svært ambisiøs og krevande reform.

– Vi ser at vi stiller utruleg høge krav til politiet. No treng dei arbeidsro, slik at reforma skal fungere. No er ikkje tida for å pålegge store, nye reformtiltak, seier han til Aftenposten.

Artikkeltags