Tine varslar nedleggingar og bemanningskutt

SLIT: Tine slit med vedvarande volumnedgang innan fleire produktområde.

SLIT: Tine slit med vedvarande volumnedgang innan fleire produktområde. Foto:

Av

Tine slit med fallande sal og svak inntektsvekst på fleire område. No må selskapet redusere talet på produksjonsanlegg og tilsette.

DEL

(Firda) Driftsresultatet til Tine enda på 269 millionar kroner i tredje tertial i fjor, ned frå 356 millionar kroner i same periode året før. Resultat før skatt enda på 229 millionar kroner, mot 309 millionar kroner året før.

Årsresultata er så å seie uendra frå 2017 når vi ser på 2018 under eitt.

Trass auka driftsinntekter samla sett, er det ein vedvarande volumnedgang i dei store meierikategoriane søtmjølk, yoghurt, fløyte og rømme som bekymrar styret. No har styret gitt nytilsett konsernsjef Gunnar Hovland beskjed om å snu utviklinga.

Tine har om lag 5.400 tilsette ved 31 produksjonsanlegg. Nokre av anlegga må vekk, ifølgje konsernsjefen.

– Kor mange vi endar opp med veit eg ikkje, men når vi ser oss tilbake om nokre år vil det vere færre, seier han til Dagens Næringsliv.

Ein ny strategiplan skal auke veksten og få ned kostnadene med fleire millionar kroner. Blant grepa som allereie er i ferd med å bli tatt, er effektivisering innan osteproduksjonen. Tine kan redusere dei årlege kostnadane betydeleg ved å samle kvitost- og spesialistproduksjonen på færre anlegg enn i dag. Etter planen skal styret gjere vedtak om framtidig produksjonsstruktur før sommaren.

– Eg har stor forståing for at mange av medarbeidarane våre no vil føle uvisse om framtidig jobb, men vi skal ta oss av kvar enkelt medarbeidar for å skape mest mogleg tryggleik og dette har vi gjort mange gonger før med godt resultat, seier Berg.

Artikkeltags