Han eig no over 70 prosent av Fjord1

STOREIGAR: Per Sævik og Havila kjøpte opp delar av Fjord1 i 2016, og resten av fylkeskommunens 59 prosent av aksjane i 2017. No har Sævik auka eigarposten, saman med ein investor.

STOREIGAR: Per Sævik og Havila kjøpte opp delar av Fjord1 i 2016, og resten av fylkeskommunens 59 prosent av aksjane i 2017. No har Sævik auka eigarposten, saman med ein investor. Foto:

Av

Saman med ein investor kontrollerer Havila Holding over 70,35 prosent av ferjeselskapet.

DEL

(Firda) Per Sævik og Havila Holding har alliert seg med ein investor, og gjer storkjøp i ferjeselskapet Fjord1, fortel nett.no. Dei vurderer også å slå saman Fjord1 og Havila Kystruten.

Etter kjøpet kontrollerer Havila 66,5 prosent av aksjane i Fjord1, noko som gir Per Sævik og familien god kontroll over selskapet.

Havila opplyser at selskapet har sikra finansiering av oppkjøpet av eit fond som Vision Ridge Partners står bak. Samla vil Havila og Vision Ridge Partners eige 70,35 millionar aksjar, og dermed kontrollere 70,35 prosent av Fjord1.

I ei børsmelding vert det opplyst at dei to aktørane vil samarbeide om å utvikle Fjord1 til å verte eit integrert transport- og reiselivsselskap, inkludert å vurdere å leggje Havila Kystruten inn under Fjord1.

Havila Kystruten AS er eit reiarlag som frå 1. januar 2021 skal drifte fire skip i Hurtigruten, kystruta Bergen – Kirkenes. Reiarlaget er heileigd av Havila Holding AS i Fosnavåg.

Artikkeltags