Undersøking: Menn sjekkar mobilen oftare enn kvinner

FUNN: Undersøkinga InFact har utført viser at menn sjekkar mobilen oftare enn kvinner, og at det er småbarnsforeldre mellom 30 og 44 år som er dei mest ivrige på å sjekke mobilen.

FUNN: Undersøkinga InFact har utført viser at menn sjekkar mobilen oftare enn kvinner, og at det er småbarnsforeldre mellom 30 og 44 år som er dei mest ivrige på å sjekke mobilen. Foto:

Av

Rundt 1,1 millionar nordmenn må sjekke mobilen før det har gått éin time, og menn sjekkar oftast, viser ei undersøking frå InFact for mobil og IT-kjeda Mobit.

DEL

(Firda) – Vi har all grunn til å påstå at talet er mykje høgare fordi undersøkinga omfattar berre dei som er 18 år eller eldre. Tar vi utgangspunkt i undersøkinga, er minst 25 prosent av oss fullstendig avhengige av å sjekke mobiltelefonen kontinuerleg, seier sals- og marknadsdirektør Rolf Paulsen i Mobit.

Undersøkinga InFact har utført viser at menn sjekkar mobilen oftare enn kvinner, og at det er småbarnsforeldre mellom 30 og 44 år som er dei mest ivrige på å sjekke mobilen.

– Det er inga overdriving å hevde at mobiltelefonen er den viktigaste tingen i livet til folk. Mobilen grip inn i kvardagsliv, familieliv, fritid og jobb. Det som føregår i livet til folk, skjer i stadig større grad gjennom mobiltelefonen, seier Paulsen.

Sjølv om Paulsen ikkje moraliserer over all mobilbruk, peikar han spesielt på ein ting han ber folk halde seg unna.

– Men vi må aldri gløyme kontakten og dialogen med kvarandre, og det eg mest av alt vil åtvare mot er surfing under bilkøyring. Det er livsfarleg, seier han.

Artikkeltags