Bondelaget med underskot og utmeldingar

NEDGANG: Norges Bondelag mista 405 medlemmer i fjor.

NEDGANG: Norges Bondelag mista 405 medlemmer i fjor. Foto:

Av

For første gong sidan 2013 har medlemsmassen i Norges Bondelag gått ned.

DEL

(Firda) Nedgangen for 2018 var på 0,6 prosent, noko som utgjer 405 medlemmer. Det betyr at det totale talet på medlemmer ved utgangen av 2018 var 63.167. Tala blei lagt fram i årsmeldinga til generalsekretær Sigrid Hjørnegård på Bondetinget, skriv Nationen.

Talet på utmelde medlemmer skal ikkje ha stoppa, og per i dag er det ifølgje Hjørnegård 1000 færre medlemmer enn i fjor.

Rekneskapen blei lagt fram av økonomisjef Leif Slåtten. Bondelaget hadde eit driftsunderskot på 17,4 millionar kroner, medan resultatet før skatt var eit underskot på 6,2 millionar. Sjølv om resultatet var 2,3 millionar betre enn budsjettert, kallar Slåtten det eit stygt underskot.

I konsernet Norges Bondelag peikar pilene derimot andre vegen. Konsernet inkluderer fleire eigedomsselskap som Bondelaget er medeigar i, og der var driftsresultatet på 5,4 millionar, medan resultatet før skatt var 14,8 millionar i pluss grunna store finansinntekter.

Artikkeltags