Forbod mot dyrehald meir enn dobla på eitt år
Mattilsynet avdekte fleire tilfelle av vanskjøtta dyr i 2018 enn tidlegare år. I 2018 fekk 78 dyrehald aktivitetsforbod, ei auking på 150 prosent frå året før.
(Firda) Mattilsynet avdekte fleire tilfelle av vanskjøtta dyr i 2018 enn tidlegare år. I 2018 fekk 78 dyrehald aktivitetsforbod, ei auking på 150 prosent frå året før.
Årsrapporten frå Mattilsynets arbeid med dyrevelferd viser mellom anna at det blei avvikla 81 dyrehald i fjor, det same talet som året før. Talet på dyreeigarar Mattilsynet har meldt til politiet har også hatt ein auke, frå 20 i 2015 til 46 i 2018.
I 2018 gjennomførte dei tilsyn med 7.857 dyrehald og avdekte alvorleg vanskjøtsel hjå 63 av dei. Dette er ei auking frå 42 dyrehald i 2016 og 46 i 2017. Aukinga gjeld særleg kjæledyr, men også storfe og sau. Det blir understreka at det ikkje er klart om auken er ein reell auke i vanskjøtsel eller om Mattilsynet berre har klart å avdekkje fleire forhold enn tidlegare.
Mattilsynet fekk 12.666 bekymringsmeldingar om dyrevelferd i 2018, 2.240 fleire enn året før. Dei fleste omhandlar kjæledyr, men også hestar og produksjonsdyr.