Kan ein klage på naboen sitt julelys?

ILLUSTRASJON: Sterk julebelysning kan vere til plage for naboen.

ILLUSTRASJON: Sterk julebelysning kan vere til plage for naboen. Foto:

For nokre kan julepynten til nabohuset opplevast som plagsam og overdriven. Norske Boligbyggelag svarar på kva ein kan gjere med problemet.

DEL

(Firda) Mange vel å pynte opp husa sine med blinkande lys og sterke fargar no i desse juletider. I ei pressemelding skriv Norske Boligbyggelag (NBBL) om julebelysning som kan vere til plage for naboar.

Henning Lauridsen frå NBBL seier i pressemeldinga at det ikkje finst nokon lover eller ordensreglar som handlar om julebelysning, men at ein kan sjå til eigarseksjonslova og burettslagslova:

– Dei har generelle reglar som seier at bustaden ikkje må brukast på ein slik måte at det er til urimeleg ulempe for naboen.

Snakk med naboen

Den vanlege løysinga på naboen si plagsame julebelysning er å klage til styreleiar. Likevel anbefaler NBBL å gå direkte til naboen for å ta opp problemet.

– Då kan du for eksempel få til ei ordning der lysa vert sløkte i 22–23-tida om kvelden, når folk skal legge seg.

Kor tett husa ligg er også avgjerande. I privat einebustad vil det nemleg vere vanskelegare å komme gjennom med ein klage.

– Paragraf 2 i Nabolova slår fast at ingen må ha noko eller gjere noko som er urimeleg til skade eller ulempe for naboen. Det skal mykje til før den paragrafen kan nyttast på julelys. Det er avstanden til naboane som tel.

Artikkeltags