Ny app kan redde livet ditt

HJELP: Ved å bruke appen blir posisjonen din sendt automatisk til 113-sentralen.

HJELP: Ved å bruke appen blir posisjonen din sendt automatisk til 113-sentralen. Foto:

HELSE: Over éin million har allereie lasta ned appen «Hjelp 113». – Vi kan faktisk redde opptil 20 liv kvart år viss folk byrjar å ringe 113 frå denne appen.

DEL

(Firda) Det seier seniorrådgjevar Bjørn Jamtli i Helsedirektoratet i ei pressemelding.

Appen «Hjelp 113» er utvikla av Stiftelsen Norsk Luftambulanse, og over éin million har lasta den ned. Ein kan laste den ned frå Google play eller App store, avhengig av kva slags telefon ein har.

Viss ein har ein eldre versjon av appen, er det viktig å oppdatere den og legge inn sitt eige telefonnummer. Det er heilt naudsynt for at posisjonen automatisk blir sendt til 113-sentralen.  

– Vi har hatt mange situasjonar der det står mellom liv og død, og vi veit ikkje kor innringar er. Samstundes som vi skal rettleie i førstehjelp på staden, må vi forsøke å finne ut kor vedkommande er. Å få hjelpa raskt fram er det som til sjuande og sist ofte er avgjerande for om pasienten overlever, seier sjukepleiar Thomas Christensen som jobbar ved 113-sentralen i Oslo.

Helsedirektoratet oppmodar alle til å ha appen på smarttelefonen sin. Dagleg ringer folk 113 utan å kunne gje opp kor dei er.

– Viss vi kan spare 30 sekund i samtalen med innringar ved ein hjartestans kan det bety forskjellen på liv og død, seier Jamtli. 

Naudnummeret til brann, 110, er også med i appen. Naudnummeret til politi, 112, kjem i appen i løpet av 2018. Appen fungerer berre i Norge. 

Artikkeltags