I år vernar influensavaksinen mot fleire virus

VAKSINE: Målgruppene for vaksinen er dei same som før, men i år blir særleg gravide i andre og tredje semester og andre unge i risikogruppene oppmoda til å vaksinere seg.

VAKSINE: Målgruppene for vaksinen er dei same som før, men i år blir særleg gravide i andre og tredje semester og andre unge i risikogruppene oppmoda til å vaksinere seg. Foto:

Av

Influensasesongen nærmar seg, og i år får nordmenn ein ny type vaksine. 1,6 millionar av oss bør verne seg mot sjukdommen, meiner Folkehelseinstituttet (FHI).

DEL

(Firda) Dei nye vaksinane vernar mot fire ulike virus, mot tidlegare tre, skriv fagbladet Journalen. Det aukar sjansen for at vaksinen skal dekke dei sirkulerande virusa.

– Dette gir òg ein prisauke. Kvar dose av subsidiert vaksine til risikogruppene kostar cirka 75 kroner, seier overlege Preben Aavitsland ved Folkehelseinstituttet til tidsskriftet.

Målgruppene for vaksinen er dei same som før, men i år blir særleg gravide i andre og tredje semester og andre unge i risikogruppene oppmoda til å vaksinere seg. Til saman 1,6 millionar nordmenn er i risikogruppene.

Vaksinen kjem neste veke

I fjor haust og vinter vart det distribuert 858.800 dosar med influensavaksine. Det var 233.000 fleire dosar enn året før.

FHI leverer vaksinane til kommunane i veke 41, ei veke seinare enn i fjor. Det kjem av at WHOs tilrådingar om samansetninga av vaksinen kom seint og forseinka produksjonen.

– Det er jo ein fordel å bli vaksinert nært opp til epidemien slik at immuniteten er høg. Han taper seg nokså raskt. Epidemien startar jo sjeldan før jul, fortel overlegen.

I fjor starta influensaen i veke 52 og varte til veke 13. Sjukdomstoppen vart nådd i veke 7.

Artikkeltags