Virke ventar at nordmenn skal bruke 11.000 kroner kvar på julehandel

HANDEL: Nordmenn kjem til å bruke drygt 11.000 kroner kvar på årets julehandel, ifølgje Virke.

HANDEL: Nordmenn kjem til å bruke drygt 11.000 kroner kvar på årets julehandel, ifølgje Virke. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

NÆRINGSLIV: Kvar og ein av oss kjem i år til å bruke gjennomsnittleg 11.040 kroner på mat, pynt, gåver og andre ting vi treng til jul, ifølge handelsorganisasjonen Virke.

DEL

(Firda) Virke har komme til at vi til saman vil bruke 58,5 milliardar kroner, drygt 11.000 kroner kvar, i desember – altså i samband med julehandelen. Av dette bruker vi 4700 kroner i daglegvarehandelen og 6340 kroner i andre butikkar, ifølge anslaga frå handelsbransjens interesseorganisasjon, Virke.

– Særleg den siste veka før jul er hektisk i daglegvarebutikkane. Vi inviterer til fest og besøk og unnar oss nok kanskje endå meir kvalitetsmat i desember. For dei fleste er det viktig at julematen smaker tradisjon, barndomsminne og råvarer frå heimstaden. Det kjem stadig fleire lokalmat-produkt på marknaden som får fram både minne og julestemning, seier direktør Ingvill Størksen i Virke Daglegvare.

I ei spørjeundersøking Ipsos har gjort for DNB, svarer deltakarane at dei i gjennomsnitt vil bruke 6145 kroner på gåver, som er rundt 400 kroner meir enn i fjor.

Aukar med 30 prosent

Omsetninga i desember er 30 prosent høgare enn gjennomsnittet for resten av året. For bransjar som leiketøybutikkar, ur- og gullsmedbutikkar og bokhandlarar er omsettinga to til tre gonger så høg i desember som ein gjennomsnittsmånad resten av året.

– Jula betyr mykje for faghandelen som kjem til å omsette for 33,5 milliardar kroner i desember, seier direktør Bror William Stende for Virke Faghandel.

I tillegg kjem pengane vi bruker i samband med black friday-kampanjane. I fjor var det over 3,6 milliardar kroner. I år ventar Virke at det blir brukt 3,9 milliardar kroner fredag 23. november.

– Auken i novemberhandelen kjem av sannsynlegvis at vi handlar julegåver tidlegare enn før, seier Stende.

Milliardar skifter hender

Virkes gjennomsnittstal er basert på forventningar rapportert inn frå organisasjonens medlemmer i forskjellige sektorar i handelsnæringa, og deretter brote ned på kvar enkelt nordmann, uavhengig av alder. Årets gjennomsnittsbeløp baserer seg på eit folketal på 5,3 millionar nordmenn.

DNBs baserer sine prognosar for julehandelen på det deltakarar i ei spørjeundersøking har svart. Banken har slik komme fram til at kvar vaksne nordmann vil bruke gjennomsnittleg 12.288 kroner i år, og deretter gonga opp med snautt 4,2 millionar såkalla vaksne nordmenn. Då blir totalbeløpet 51 milliardar kroner.

Om Virkes totaltal blir brotne ned på det same talet på vaksne, vil forventningane til handelsnæringa innebere eit gjennomsnittleg forbruk i julehandelen på rundt 14.000 kroner.

– Det går bra i norsk økonomi, arbeidsløysa har falle og lønnsveksten har auka. I sommar såg vi at nordmenn auka feriebudsjettet med litt over 2400 kroner. No held vi fram med å trakke på forbruksgassen på veg inn i jula, seier forbrukarøkonom Silje Sandmæl i DNB.

Artikkeltags