Nordmenn er framleis storforbrukarar av plastposar

PLASTPOSAR: Sjølv om bruken er gått ned, brukar vi i snitt 140 plastbereposar kvar i året.

PLASTPOSAR: Sjølv om bruken er gått ned, brukar vi i snitt 140 plastbereposar kvar i året. Foto:

Bruken av plastposar gjekk ned med ti prosent frå 2017 til 2018. Men framleis bruker ein gjennomsnittsnordmann rundt 140 plastbereposar i året.

DEL

(Firda) Dette svarer til dobbelt å mange plastposar som det svenskane bruker, skriv Klassekampen.

I snart eitt år har Handelens Miljøfond organisert ulike tiltak for å redusere plastbruken til nordmenn. Det mest kjente er plastposeavgifta, der bedriftene betaler inn 50 øre for kvar plastberepose som kundane kjøper.

Etter at denne avgifta kom, har store delar av handelsstanden auka prisane på plastposane. Målet til Handelens Miljøfond er å auke plastvitet blant folk, fortel dagleg leiar for miljøfondet Rasmus Hansson.

– Vi har eit klart inntrykk av at plastforbruket blir redusert i takt med auka kunnskap og sterkare bevisstgjering. Vi veit at bruken av plastposar gjekk ned frå 2017 til 2018, og føreset at denne nedgangen vil halde fram, seier Hansson til avisa.

Årleg brukar nordmenn 750 millionar plastbereposar, og Noreg er i Europa-toppen når det gjeld plastforbruk. Målet til fondet er å dele ut inntil 300 millionar kroner årleg til ulike miljøtiltak for å løyse plastutfordringar.

Artikkeltags