Bråkar naboen på ein heilagdag? Denne oppfordringa bør du følge

KAN FÅ BOT: Brukar du grasklipparen på en søndag eller annan helligdag kan du i verste fall bli bøtelagt.

KAN FÅ BOT: Brukar du grasklipparen på en søndag eller annan helligdag kan du i verste fall bli bøtelagt. Foto:

DEL

(Firda) Våren er her med gras, busker og tre. Mange irriterer seg over grasklipparen til naboen søndag morgon, og trea som tar all sol. I tillegg er det 2. pinsedag på måndag. Er du klar over at det ikkje er lov å klippe graset på søndagar, ifølge heilagdagslova?

Du kan heller ikkje kan ta deg til rette og hogge ned trea til naboen eller skjere buskane deira, sjølv om sola blir blokkert og allergien din spirer medan lauvet fell over på eigedommen din.

– Ikkje ta lova i eigne hender. Snakk med naboen, dei aller fleste kjem til semje viss dei berre slår av ein hyggeleg prat i ny og ne, seier distriktsleiar i Huseiernes Landsforbund Elin Kolstad.

Eiga lov

Lov om helligdagsfred har som formål å «verne om det gudstjenestelige liv og den alminnelege fred på helligdager.»

– Dei fleste har kanskje høyrt om heilagdagsfred, men har ikkje noko forhold til denne lova og veit ikkje korleis ein skal forhalde seg til han, seier distriktsleiaren.

Det held nemleg ikkje å la grasklipparen ligge berre i kyrkjetida på søndagar og andre heilagdagar. På desse dagane skal det faktisk etter lova vere stille frå klokka 00 til 24. Lov om heilagdagsfred er ei lov som politiet er sett til å handheve, så du kan risikere både åtvaring og bot dersom du blir tatt på fersken med grasklipparen, opplyser forbundet.

Oppfordring

Etterforskingsleiar Kay Lund-Pettersen ved Indre Østfold politistasjon seier at operasjonssentralen pleier å få fleire meldingar frå området kvar heilagdag.

– Viss naboen er til sjenanse for deg ber vi om at du snakkar med naboen. Politiet har truleg ikkje ressursar til å køyre rundt å stoppe folk som klipper plenen. Det beste er om ein har ein dialog med dei det gjeld, oppfordrar Lund-Pettersen.


Artikkeltags