Kommunen er i ferd med smittesporing for to nye tilfelle med covid-19, påvist med PCR-test fredag.

I tillegg er det meld om tre positive heimetestar, som skal testast med PCR i dag.

– Me reknar dette som fem positive. Smittesporinga og nye testsvar vil visa om det er eit større omfang. Me har så langt ikkje avdekka eit stort utbrot, og me har ikkje indikasjonar på det. Men me ser jo at nabokommunar har utbrot og at den nasjonale smittetrenden er stigande, skriv ordføraren i ein e-post til Hardanger Folkeblad.

Han opplyser vidare at kommunen har mykje fokus på førebygging, vaksinering og testing. På bakgrunn av situasjonen i landet, vert det oppmoda til å følge nasjonale smittevernråd for innbyggarane i Ullensvang.

– Innbyggarane har vist stor innsats før og no. Me er glade for at folk har bidratt til å unngå utbrot hjå oss så langt, avsluttar Aga Haug.