I desse dagar sit regjeringspartia Ap og Sp i forhandlingar med SV om neste års statsbudsjett. Budsjettet er stramt er mantraet, men samstundes så skal eit statsbudsjett også vera med å:

  • bygge framtida
  • sikre og legge til rette for nye arbeidsplassar
  • ta oss eit steg vidare i det grøne skiftet

Alle punkta ovanfor vert sjekka av dersom Ap og Sp gjev SV gjennomslag i å starte bygginga av ny Røldalstunnel på E134 i 2023. For å få dette til må det løyvast «berre» 100 millionar i oppstartsløyving i det komande statsbudsjettet. Argumenta for ny Røldalstunnel er mange.

M.a. sparer eit vogntog om lag 40 liter diesel kvar veg (verdi 8-900 kr) som følgje av 1000 sparte høgdemeter ned og opp igjen frå Røldal. I tillegg syner utrekningar at med forventa trafikk i 2026 så vil ein kunne spare heile 16 000 tonn CO2 årleg som følgje av denne nye tunnelen.

Vi ventar difor spent på utfallet av forhandlingane i Stortinget og meiner det bør vera heilt opplagt at budsjettforliket som vert landa om nokre veker, har i seg byggestart på ny Røldalstunnel i 2023.