Ny positiv koronatest i kommunen

Onsdag melder Ullensvang kommune at det har kome eit nytt positivt prøvesvar på Covid-19.

DEL

Det er den femte positive prøven, og heng saman med utbrotet der fire andre i kommunen har blitt smitta.

- Det var på eitt vis forventa, skriv ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding.

Personen har vore i karantene, og er no i isolasjon.

- Den smitta er symptomfri så langt, skriv Haug.

Smitteutbrotet starta med ein reisesmitta som smitta fleire andre i same husstand. Ein av dei smitta blei i helga lagt inn på Odda sjukehus, men er no skriven ut.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken