«Det er registrert ein ny person med positiv covid-19 prøve i dag», melder ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding onsdag.

Han legg til at Ullensvang held seg til følgjande anbefalingar:

"Vi held oss til nasjonal anbefaling om å bruka munnbind i kontakt med helse- og omsorgstjenesta. Samt nasjonal anbefaling om å bruka munnbind på kollektivtransport, i taxi, i butikkar og på kjøpesentra der det ikkje er mogleg å halde avstand".

Søndag melde ordføraren i Ullensvang at det hadde kome to positive covid-19 testar, men han opplyser ikkje om dette har nokon samanheng med tilfellet onsdag.