Gå til sidens hovedinnhold

Ny lokal forskrift vil vere gjeldande frå 18:00. Éin ny person har fått påvist smitte

Ullensvang kommune vedtok i dag, tysdag 30. mars, i samråd med FHI og Statsforvaltaren ei ny lokal forskrift i samband med korona-utbrotet i helga. Britisk mutant er påvist i Ullensvang og eitt barn med påvist smitte er innlagt på sjukehus.

Dette seier forskrifta:

Treningssenter, symjehallar, museum og kino og tilsvarande kultur- og underhaldningsstader skal halda stengt.

Alle arrangement vert forbode, både innandørs og utandørs. Forbodet gjeld òg religiøse tilstelningar og samlingar.

Det er vidare påbod om bruk av munnbind på offentleg stad, der det er vanskeleg å halde avstandskrav.

Påbod om heimekontor, skjenkestopp og stans av organiserte idrettsaktivitetar for vaksne over 20 år, er gjeldande gjennom nasjonale vedtak.

Forskrifta gjeld alle personar, organisasjonar verksemder med fast eller mellombels opphald i Ullensvang kommune.

- Me vil oppmoda alle som oppheld seg i kommunen om å visa stor merksemd til smittevernråd og lokal forskrift. Målsettinga er å kvela smitteutbrotet og avgrensa skadeverknadene, heiter det i ei pressemelding frå ordførar i Ullensvang, Roald Aga Haug.

Forskrifta vil vere gjeldande frå tysdag 30. mars klokka 18:00 og fram til 6. april klokka 18:00.

- Me meiner det er heilt naturleg, og synest ikkje dette er drastisk. No er me heldig sidan skulane er stengt på grunn av påske. Arrangement og dei andre tinga i forskrifta er viktig for å avgrense så mykje som mogleg. I dag har me tatt 180 testar, og har ikkje fått påvist meir enn éin smitta, men potensialet er likevel stort, seier ordførar Roald Aga Haug.

Han legg til at det er viktig å sette i verk forskrifta raskt, og understreker viktigheita av å følge dei nye reglane om arrangement og organisert trening.

- Folk må vere klar over at det mest sannsynleg er snakk om det britiske mutant-viruset, og at det er svært smittsamt. Difor er det om å gjere å kvele dette no. Eg oppmodar folk til å kose seg med dei næraste i påsken, men unngå fleire kontaktar, slik at ein snarast mogleg kan starte normal livsførsel att, seier ordføraren.

Forskrifta er fastsett av smittevernoverlege i Ullensvang 30.03.21, med heimel i Lov om vern mot smittsomme sykdommer, Kap. 4.

Bakgrunnen for vedtaket er aukande covid-19 smitte i kommunen og regionen.

Britisk mutant

Ein ny person er påvist smitta i dag, tysdag.

- Britisk mutant er no stadfesta for éin av dei smitta. Det er truleg også tilfelle for dei andre personane. Det muterte viruset smittar lett, skriv ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding tysdag ettermiddag.

- Eitt barn med påvist smitte og symptom er innlagt på sjukehus for behandling, vert det vidare opplyst.

Hardanger Folkeblad får elles opplyst av kommunen at det innan klokka 15 i dag var testa 131 personar, og at mellom 50 og 60 til vil verte testa for korona utover ettermiddagen og kvelden. Det er ei dobling frå måndag.

Andreas Jacobsen (R) er ikkje einig i tiltaka, og meiner dei burde vore strengare.

– Ullensvang kommune burde gått rett i tiltaksnivå A, som er dei strengaste tiltaka. Desse tiltaka er strenge, men ikkje strenge nok.

Les også

Foreslo 2000 kroner i bot til de som bryter munnbindpåbud

– Dersom det vert eit større utbrot kan det bli stor trykk på helsetenestene. No er me heldig at skulane er stengde, men eg meiner me likevel må bruke dei strengaste tiltaka, seier Jacobsen.

Finn Hagen (FrP) etterlyste i helga stengde kommunegrenser, noko ordføraren då sa at ikkje hadde vore vurdert.

– Ein ser korleis utviklinga er. Med stengde grenser kan ein kanskje avgrensa og stoppa litt av tilførselen, sa Hagen til HF søndag.

Les også

Hagen (Frp) krev stenging av kommunegrensa: – Ikkje aktuelt, svarar ordføraren

Situasjon pr tysdag 30.mars:

  • Tal smitta totalt: 12
  • Tal bekrefta smitta i dag: 1
  • Tal klynger/husstandar med smitte: 5
  • Personar med påvist britisk variant: 1
  • Sjukehusinnleggelse: 1

I tillegg til forskrifta vil følgjande tilrådingar gjelde:

  • Barnehagane og grunnskulen i Ullensvang er på gult nivå.
  • Gruppetilbod innanfor psykisk helse og dagtilbod kan gå som normalt.
  • Unngå å reisa mellom kommunane om det ikkje er naudsynt.
  • Ein rår til at all trening for barn og unge under 20 år som kan vera ute, skal skje utandørs.

Nasjonale tilrådingar:

  • Alle bør avgrensa sosial kontakt med andre og halde seg mest mogleg heime. Ein bør maks ha 2 besøkjande i eigen heim.
  • Ein bør ha så få sosiale kontaktar som mogeleg.
  • Ein bør halda minst 2 meter avstand til andre, med unntak av personar i eigen husstand.

Kommentarer til denne saken