Det lengste kommunestyremøtet i Odda

1922: Odda kommunestyre. Foto: NVIM sitt arkiv

1922: Odda kommunestyre. Foto: NVIM sitt arkiv

Av
Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Tilbakeblikk:Olav Kolltveit, redaktør i avisa «Hardanger», formann i Hardanger Historielag og lokalhistorikar, var og formannskaps- og kommunestyremedlem i Odda kommune.

I tidsskriftet Hardanger, årgang 1977 fortel han i artikkelen Hotel Hardanger frå vogga til grava om det som skulle verta det lengste og samstundes mest resultatlause kommunestyremøtet i Odda kommune si historie:

«Det var i 1918. Den gong var det, serleg frå innflytte forretningsmenn, krav om at Odda skulle bli kjøpstad (by), og ei nemnd hadde greidt ut «byspørsmålet», men ho hadde delt seg i fleire fraksjonar: Nokre ville gjera heile Odda kommune til by, andre berre Odda og Tyssedal bygningskommunar, andre att berre Odda bygningskommune.

Ein vakker julidag 1918 var kommunestyret innkalla til å avgjera denne store saka. Møtet tok til kl. 10 f.m. og det var ikkje vanskeleg å få fleirtal for at Odda skulle bli by, men så tok usemja til, alle heldt sitt alternativ og dagen og natta gjekk så først klokka 6 neste morgon, etter 20 timars debatt, vart det avrøysting, med resultatet at alle framlegg vart forkasta. Møtet enda i ein forfriskande gapskratt».

Artikkeltags