NVE-delegasjon i Odda

Smelteverket: Gro Kollbotn leia omvisinga på Smelteverket.

Smelteverket: Gro Kollbotn leia omvisinga på Smelteverket. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

70 frå administrasjonen i Norges vassdrags- og energidirektorat besøkte Odda.

DEL

Onsdag og torsdag var dei i Odda og Tyssedal på fag- og rekreasjonstur. Torsdag fekk dei mellom anna omvising på Smelteverket, etter at dei hadde vore på synfaring til Sandvinvatn og Låtefoss, og sett på sikringsarbeidet som er gjort ved Opo.

– I Odda er det veldig mykje som veldig mange i NVE er involverte i, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

Han meiner besøket har vore bra for å få forståing for det arbeidet administrasjonen er med på.

Onsdag hadde dei middag i kraftstasjonen.

– Det er jo utrulege dimensjonar, som veldig mange ikkje har sett før, seier Samdal.

NVIM er eit av to museum i Noreg som er inne i NVE si museumsordning.

– Tyssedal og vasskrafthistoria er viktige pilarar i NVE si historie, seier regionsjefen.

Artikkeltags