NVE: Behov for 4 milliardar kroner til flaum- og skredsikring

Arkivfoto: Flaum i Odda 2014.

Arkivfoto: Flaum i Odda 2014. Foto:

Av

NVE treng nær 4 milliardar kroner til tiltak mot flaum og skred, viser ei kartlegging. Direktør Anne Britt Leifseth meiner pengebehovet er mykje større.

DEL

Ein ufullstendig oversikt på Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) heimesider viser kva for fylke og kommunar som har behov for flaum- og skredsikringstiltak. Oversikta, som er basert på NVEs kartlegging av faresoner, søknader frå kommunane og behov som blir avdekte gjennom flaum- og skredhendingar, viser at det førebelse kostnadsoverslaget er på 3,9 milliardar kroner, skriv VG. Oversikta vart sist oppdatert 4. januar i år.

Direktør for skred og vassdrag i NVE, Anne Britt Leifseth, seier til avisa at på grunn av klimaendringane ser dei eit aukande behov for sikring. Førre veke gjekk fleire store skred i Jølster kommune i Sogn og Fjordane.

– Det vi har skissert er eit minimumsbehov. Eg er ganske overtydd om at vi hadde funne meir dersom vi hadde hatt ei meir systematisk kartlegging, seier Leifseth.

I år fekk NVE 350 millionar kroner til flaum- og skredsikring over statsbudsjettet. Leifseth meiner det er relativt lite pengar når behovet er stort, men at dei jobbar så godt dei kan ut frå det dei får.

– Konsekvensen blir uløyste saker i mange område, seier ho.

Samfunnstryggleikminister Ingvil Smines Tybring-Gjedde (Frp) har tidlegare uttalt til VGat dei førebels ikkje har funne plass til det skisserte behovet til NVE i budsjetta, men seier at sidan 2014 har regjeringa satsa 4,3 milliardar kroner på budsjettet til samferdselsdepartementet i rassikring av fylkesvegar, av dei 80 millionar kroner i Sogn og Fjordane.

(©NPK)

Artikkeltags