NVE overvakar ustabile fjellparti: – Me set gjerne kommunane litt i sjakkmatt

TOMT: Ullensvang kommune vil setja opp ny branngarasje nord for bensinstasjonen på Lofthus, men har møtt på utfordring då NVE driv med målingar av fjellparti som potensielt kan føra til at tomta ikkj e oppfyller den farekategorien ho må ha. Databasen for ustabile fjellparti ligg tilgjengeleg på ngu.no.
Foto: Eli Lund

TOMT: Ullensvang kommune vil setja opp ny branngarasje nord for bensinstasjonen på Lofthus, men har møtt på utfordring då NVE driv med målingar av fjellparti som potensielt kan føra til at tomta ikkj e oppfyller den farekategorien ho må ha. Databasen for ustabile fjellparti ligg tilgjengeleg på ngu.no. Foto: Eli Lund

NVE driv med kartlegging av ustabile fjellparti i heile landet. For kommunar eller andre med byggjeplanar, kan det gje stopp eller pause.

DEL

NVE har ikkje problem med å sjå utfordringar denne kartlegginga kan gje for dei med byggjeplanar på gang.

Lars Harald Blikra, sjef for Seksjon for fjellskred i Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), kan fortelja at to fjell i Ullensvang og eitt i Eidfjord er med i det som er ei nasjonal kartlegginga av fjellparti som har potensiale til å utløysa flodbylgjer. Karlegginga vert gjennomført av Norges Geologiske Undersøkelse, NGU.

Kartlegging

Noregs geologiske undersøking (NGU) kartlegg og risikoklassifiserer ustabile fjellparti i Noreg på oppdrag frå NVE. I nokre tilfelle bidrar NVE i kartlegginga – det gjeld periodiske målingar med bakkebasert radar (GB-InSAR), som måler rørsler i heile fjellsida, eller ved satellittreflektorar, der rørsler blir målte med satellittbasert radar (SB-InSAR). For objekta under kartlegging finst endå ikkje scenario, faresoner eller sannsynsvurdering, men dette blir etter kvart publisert når klassifiseringa er ferdigstilt.

Databasen for ustabile fjellparti ved NGU inneheld opplysningar om alle ustabile fjellparti i Noreg som er kjende per i dag. Ustabile fjellparti er fjellområde som viser teikn til rørsle eller deformasjon etter siste istid, og som kan føra til fjellskred i framtida. Kartleggingsarbeidet og analysane er utførte av NGU på oppdrag frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE).

Kjelde: NGU

– Det vert lett feiloppfatningar

– Det er viktig å ikkje overdriva. Dette er sjeldne hendingar og eit vanskeleg felt. Og det er lett for at det vert feiloppfatningar som skapar unødig frykt, seier han.

I Eidfjord har ein drive kartlegging og måling av rørsler i eit par år. I Ullensvang tok ein til med kartlegging i fjor.

Tidlegare er rørsler på Rossnos i Odda målt ved hjelp av radar, men NVE sine måingar for dette fjellet er no avslutta då det ikkje vart registrert signifikante rørsler i fjellpartiet, skriv NVE på si nettside.

Bakgrunnen for kartlegginga er at stein- og fjellskred mot innsjø og sjø kan skapa flodbygjer. Eit fjellparti kollapsar ikkje utan forvarsel. Rørslene i fjellet vil byrja å aksellerere før skredet kjem. Det er dette NVE ynskjer å fanga opp gjennom målingar.

Måling på Rossnos

Rossnos ligg på austsida av Sandvinvatnet sør for Odda. NVE har målt med bakkebasert InSAR, men har ikkje registrert signifikante rørsler i fjellpartiet, og NVE sine målingar på Rossnos er no avslutta.

Kjelde: NGU

Måler fleire stader

I Ullensvang og Eidfjord har NVE fleire objekt der dei for tida driv og måler. Blikra strekar under at NVE ikkje har konkludert med sannsyn for utrasing og ikkje konkludert om eventuelt bylgjehøgde for nokon av stadene. Men avhengig av konklusjon etter meir detaljert kartlegging og målingar, kan det til dømes verta restriksjonar for byggjeaktivitet i framtida.

Eit aktuelt prosjekt som Ullensvang kommune er i gang med, er planlegging av ny branngarasje på Lofthus.

Det er slett ikkje sikkert det vert restriksjonar for bygging av branngarasje, men NVE har valt å varsla kommunen om målingane dei er i gang med.

– For dei to fjellpartia, Lausenuten og Svartenuten i Ullensvang kommune, dreier det seg om små rørsler. Men då NVE fekk tilsendt byggjesak for branngarasje, valde NVE å informera kommunen om dei, opplyser Blikra.

Utfordringa er at NVE sine målingar ikkje er ferdige endå og at det vil ta tid. NVE ynskjer gjerne data i fleire år, forklarar NVE sin mann til HF.

– Me prøver å få gjort det raskt, men så lenge arbeidet held på, set me gjerne kommunane litt i sjakkmatt, seier Blikra.

– Er det samanheng mellom ustabile fjellparti og klimaendringar?

– Dette er vanskeleg, men mest handlar det om indre krefter i fjellet. Dersom rørslene vert store, kan det vera kritisk.

For brannstasjon på Lofthus er det altså to fjellparti som er relevante, Lausenuten ovanfor Buanes, sør for Hovland, og Svartenuten på vestsida ovanfor Haustveit, sør for Hauso.

– Satelittdata har revolusjonert kunnskapsgrunnlaget vårt, forklarar Blikra.

– For ved hjelp av nye satellittdata kan forskarar ved Noregs geologiske undersøking (NGU) overvaka fleire ustabile fjellparti i Noreg enn tidlegare.

Blikra er redd for overdramatisering, og seier det ofte dreier seg om små rørsler.

Han opplyser om at det er mange område som er del av kartlegginga langs Sørfjorden.

På austsida av fjorden er fleire område del av kartlegginga, og Lausanuten er ein av dei som viser rørsle.

Kartteneste

I november 2018 lanserte NGU (Norges geologiske undersøkelse), Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og Norsk romsenter ei gratis kartteneste med landsdekkande målingar av rørsler på overflata. Tenesta brukar radar frå Sentinel-satellitter 700 kilometer over jorda, men kan registrera rørsler i millimeternivå på overflata.

I Eidfjord ligg Turtnalinuten over Øvre Eidfjord og Eidfjordvatnet.

Her er linke til NGU sin database for ustabile fjellparti.

Ikkje konkludert

NVE målte med bakkebasert InSAR på Turtnalinuten i 2018 og registrerte då rørsler på mellom 2 og 5 centimeter per år. I 2019 vart det montert satellittreflektorer på fjellpartiet. Arbeidet er ikkje avslutta og NVE har ikkje konkludert.

– Kor mykje er 2 til 5 centimeter per år, mykje, lite eller moderat?

– To til fem centimeter er ganske mykje og dersom det er eit stort fjellparti som kan gå langt og føra til store konsekvensar, bør det overvakast kontinuerleg, svarar Blikra.

– Det vert no jobba med å avgrensa realistiske scenario og å analysera kor langt eit slikt skred kan gå, opplyser han.

Han legg til at NVE no får data frå satellitt to gonger i veka og har relativt bra kontroll på området.

Det neste som skjer er at NVE skal ha eit møte med Ullensvang kommune etter påske. I møtet vert ustabile fjellparti eitt av fleire tema.

– Utfordringa er at me har noko kunnskap, men ikkje nok til at me kan dra ein endeleg konklusjon, presierer Blikra til HF.

Kommunen ventar på svar frå NVE

Ullensvang vil få siste status for utvalde fjellparti i april.

Rådmann i Ullensvang kommune, Ole-Jørgen Jondahl er kjend med at NGU i 2012 publiserte eit nasjonalt system for fare- og risikoklassifisering for ustabile fjellparti.

Rådmann: Ole-Jørgen Jondahl. Arkivfoto

Rådmann: Ole-Jørgen Jondahl. Arkivfoto

– Dette systemet vert brukt for å prioritera meir detaljerte undersøkingar, periodiske rørslemålingar og kontinuerleg overvaking på nasjonalt nivå. Fleire av dei aktuelle fjellpartia ligg i vår kommune. Dei mest utsette vert overvaka og målt. Dette har vore kjent for kommunen over lengre tid, seier han.

– Gjenntaksintervalla me snakkar om i høve til denne typen fjellskred er gjennomgåande svært høge. Detaljerte rørslemålingar og vurderingar er såleis naudsynt for å kunna seia om det er fare for liv og helse. Dette føreligg per dags dato ikkje, men det er under arbeid frå NGU og NVE, forklarar han.

– Kva tilbakemelding har de fått frå NVE om dei så langt målte røyrslene? Vert det sagt noko om dei er store, moderate eller små?

– Fare- og risikoklassifisering for fjellpartia er endå ikkje klar frå NGU. NGU/NVE vil orientera kommunen om siste status i april.

– Har de gjort dykk opp tankar om korleis møta utfordringa på noverande tidspunkt og i framtida når konklusjonar frå NVE ligg føre?

– Per dags dato har me ikkje ei konkret vurdering som tilseier fare for innbyggjarane. Dersom informasjon om slik fare kjem, vil me handtere dette i samråd med NVE.

– Kva problemstillingar ser de for dykk kan koma som fylgje av evtuelle restriksjonar?

– Etablering av samfunnskritisk infrastruktur i soner som vert råka av faresoner for fjellskred og faresoner for sekundærverknadar av fjellskred. Etablering av ny brannstasjon langs sjø på austsida kan verta utfordrande. Dette då brannstasjon er kritisk infrastruktur og ligg i strengaste farekategori. For dette tiltaket skal difor sekundærverknadar av fjellskred vurderast, i dette tilfellet flodbylgje. For at ein skal kunna byggja slike bygg, kan gjenntaksinterval for ras/tsunami vera maksimalt 1/5000. Det vil seia 0,2 promille årleg sannsyn.


Artikkeltags