Gå til sidens hovedinnhold

NVE: – Det er stabilt i området

Artikkelen er over 2 år gammel

Etter å ha gjort målingar i om lag eit halvt døgn kan NVE melda at det ikkje er meir rørsle i området der steinblokkene losna tysdag.

NVE monterte tysdag ettermiddag ein radar som har overvaka fjellsida over Freim, der det gjekk eit steinras tysdag føremiddag.

Radaren kan måla rørsler i fjellet ned til millimeternivå, og vakthavande geolog Lene Kristensen seier onsdag til HF at det no har sett på målingane at det er stabilt i området.

– Vi har kontrollert at det ikkje er meir rørsle i fjellet, seier ho.

Odda kommune skriv på sine heimesider at dei med bakgrunn i dette har avslutta lytteposten. Politiet og Odda kommune ser no på situasjonen som normalisert.

 

Kommentarer til denne saken