NRK vil følge endringane når fylke blir slegne saman

Illustrasjonsfoto

Illustrasjonsfoto Foto:

Av

Når Noreg skal ned i elleve fylke, vil Norsk Rikskringkasting følge endringane.

DEL

– Vi er midt i prosessen med dette no, både med omsyn til sendingar og namneendringar som ei følgje av regionreforma, seier Marius Lillelien, som er direktør for NRKs distriktsdivisjon, til Kommunal Rapport.

Lillelien forklarer at distriktssendingane til NRK har tradisjon for å følge inndelinga av fylke, og at det difor er openbert at dei må vurdere både endringar i namn og sendestruktur som følgje av nye fylke. Nokre fylke blir ståande som i dag med same namn, nokre blir slegne saman og endrar namn, og nokre blir slegne saman og beheld namnet.

Østfold blir til dømes del av storfylket Viken og må difor skifte namn.

– Vi er ille glad i Østfold-namnet. På den andre sida er det ikkje naturleg å behalde namnet på eit fylke som ikkje lenger eksisterer, seier distriktsredaktør i NRK Østfold Grete Ruud til lokalavisa Demokraten.

– Det er jo nokre nye fylke som både dekker veldig store geografiske område, eller veldig stor del av befolkninga, så det kan bli litt forskjellige løysingar. Dette er som sagt i prosess no, og vil bli avklart i haust seier Lillelien.

Dette er NRK sine kontor i dag:

Østlandssendingen (Oslo/Akershus)

Buskerud

Østfold

Rogaland

Nordland

Møre og Romsdal

Sørlandet

Trøndelag

Oppland/Hedmark

Telemark

Vestfold

Hordaland

Sogn og Fjordane

Troms

Finnmark

Artikkeltags