– Appen frå luftambulansen reddar liv!

Fjellguide Margretha Flatland frå Rosendal har sjølv brukt appen «Hjelp 113» utvikla av Norsk Luftambulanse fleire gonger for å hjel-pa andre. Ho meiner alle bør lasta den ned. (Arkivfoto: Privat).

Fjellguide Margretha Flatland frå Rosendal har sjølv brukt appen «Hjelp 113» utvikla av Norsk Luftambulanse fleire gonger for å hjel-pa andre. Ho meiner alle bør lasta den ned. (Arkivfoto: Privat).

Takka vere ein mobil-app frå Norsk luftambulanse fekk Margretha Flatland frå Rosendal og ein kamerat hjelpt ein mann som var i naud på Finse.

DEL

Hjelpte mann i naud på Finse: (Kvinnheringen) Før helga var Margretha saman med kameraten Mats Grimsæth, som er eventyrar og fotograf, på Finse for å kita.

– Vi høyrte eit rop, og trudde først det var nokon som hadde det moro. Men vi forstod raskt at det var eit panikkrop og at vedkommande trengte hjelp, fortel Margretha.

Ho og kameraten Mats blei samde om å fordela oppgåver: Han kontakta luftambulansen, medan Margretha prøvde å lokalisera mannen i naud. Mannen hadde falle rundt seks meter og truleg brekt armen.

– Det var heilt kvitt og nesten umogleg å sjå noko i fjellet, fortel ho.

Takka vera ein app som Norsk Luftambulanse har laga, kalla «Hjelp 113», fekk Mats sendt posisjonen og koordinatane sine i det han ringte. Dermed kunne eit helikopter med lege landa der Margretha og Mats hadde sikra mannen og ta han med seg.

Margretha jobbar som fjellguide, og fortel at ho dessverre har vore borti liknande situasjonar.

– Også i Kvinnherad er det mange som går toppturar, og det er ofte vanskeleg å vita nøyaktig kor ein er i fjellet viss det skulle skje noko. Det er det som er så genialt med appen, og mange fleir burde lasta den ned. Det er ingen tvil om at den kan redda liv, fortel Margretha, og legg til at den klare oppmodinga er å ringa eitt av naudnummera éin gong for mykje enn éin gong for lite.

På Norsk Luftambulanse sine nettsider ligg det ein video av redningsaksjonen av mannen på Finse, som Margretha er med i.

Artikkeltags