– Norsemandeltakarane skal stå opp midt på natta og gjere det umenneskelege. Minitriathlonet er litt meir gjennomførbart for dei fleste, seier arrangementsansvarleg i Eidfjord IL Ole-Johnny Odland.

Medan dei 250 norsemandeltakarane skal legge bak seg over 200 kilometer fortel Odland at dei i minitriathlonet klarer seg med om lag ein tidel av distansen.

– Minitriathlonet er eit tilbod til glade amatørar, så har vi jo sett at etter kvart som interessa for triathlon har auka, så ser vi jo at dei glade amatørane vert stadig betre trent. Det er eit familiearrangement som er ope for alle.

Odland fortel at dei prøver å gi alle deltakarane ei god oppleving.

– Det er viktig for oss at alle vert klappa og jubla i mål, så ventar vi til alle er ferdige med premieutdeling. I tillegg til premiar til dei beste i dei ulike klassane, har vi også ein hovudpremie som vi loddar ut.

Ny plassering

Tradisjonelt har minitriathlonet vore arrangert på cruisekaia i Eidfjord, men i år vert det ei ny plassering fortel Odland.

– På grunn av eit skip som skal ligge til kai kjem vi til å halde til på Ostangen. Det er fint å ta området i bruk og det vil nok gjere gjennomføringa og løypemerkinga lettare.

Trass at minitriathlonet i år vert arrangert på ein ny plass, håpar Odland på godt oppmøte både av publikum og deltakarar.

– All påmeldinga vår skjer på fredagen, så vi er litt usikre på kor mange vi blir. Vanlegvis ligg vi mellom 60 og 70, så alt mellom det og 100 deltakarar er fint. Så håpar vi jo å få litt publikum og, sjølv om vi er litt meir gøymt i år enn tidlegare år. Slikt er jo litt vêravhengig, men vi håpar på eit par hundre.