Torsdag ettermiddag melder ordførar Roald Aga Haug at det er ein ny positiv covid-19 test i Ullensvang.

«Ein person til har testa positivt. I tillegg har 2 nærkontaktar som testa positivt på hurtigtest fått bekrefta prøven», skriv Haug.

Han legg til at det per i dag er seks personar med covid-19 i Ullensvang kommune. Smittevegen er kjent for alle tilfelle, opplyser ordføraren.