No stenger riksveg 13 - slik kjem du deg forbi med båt

Den smale vegbanen langs riksveg 13 vert tatt heilt bort når Mesta tek til mer arbeidet. Dette bilete frå mars syner Mesta sitt arbeid med å bygga opp ein mur som fungerer som arbeidssikring og støyp av fundament for ny mur utanfor.

Den smale vegbanen langs riksveg 13 vert tatt heilt bort når Mesta tek til mer arbeidet. Dette bilete frå mars syner Mesta sitt arbeid med å bygga opp ein mur som fungerer som arbeidssikring og støyp av fundament for ny mur utanfor. Foto:

Riksveg 13 ved Teigen vert stengt frå fredag kveld klokka 18:00 og fram til måndag morgon klokka 06:00.

DEL

Årsaka er det pågåande arbeidet med å byggja ny mur i området.

Den smale vegbanen vert tatt heilt bort når Mesta tek til mer arbeidet.

- I denne perioden må folk nytta seg av fergesambandet Kinsarvik- Utne og FV 550. Det vert sett inn båt, frå Espe til Tyssedal, for helsepersonell og industri/næringsliv i den same periode. Helsepersonell ved Odda sjukehus og ved kommunale tenester har prioritet på båtruta, opplyser Ullensvang kommune i ei pressemelding.

Naudetatane har etablert eigne rutinar for å handtera hendingar i tidsrommet Rv 13 er stengt.

Statens vegvesen har sett opp buss til/frå Odda busstasjon som korresponderer med båt.

Buss frå Odda busstasjon til Tyssedal (Kraftmuseet):

Fredag 08. mai kl. 21.40
Laurdag 09. mai og søndag 10. mai: 07.25, 14.55, 21.40

Bussen frå Tyssedal til Odda busstasjon står klar i Tyssedal når båten kjem frå Espe.

- Hugs at det ikkje er plass til mange bilar på kaien på Espe, opplyser kommunen.

Slik er båtrutene denne helga:


EspeFredag 08. mai19.45
EspeLaurdag 09.mai05.40
EspeLaurdag 09.mai13.00
EspeLaurdag 09.mai19.45
EspeSøndag 10. mai05.40
EspeSøndag 10. mai13.00
EspeSøndag 10. mai19.45
TyssedalFredag 08.mai22.00
TyssedalLaurdag 09. mai07.45
TyssedalLaurdag 09. mai15.15
TyssedalLaurdag 09. mai22.00
TyssedalSøndag 10. mai07.45
TyssedalSøndag 10. mai15.15
TyssedalSøndag 10. mai22.00


Artikkeltags