– Når påmeldinga opnar kan alle som vil melda seg på med lag, men vi vil informera og hjelpa til med påmelding for dei som treng det, på informasjonsmøtet, seier Arne Mæland og Asle Lægreid i leiargruppa til Stafett for livet i Odda.

Stafetten går føre seg i helga 6–7. juni på Odda stadion, og er arrangert av lokale frivillige, med Kreftforeningen i ryggen. Liknande stafettar blir arrangert andre stader i landet i perioden juni til september.

Stafetten varer i 24 timar, og laget skal ha minst ein deltakar på banen under heile stafetten, for å visa si støtte til alle som er ramma av kreft.

«Dette er ingen konkurranse. Vi går eller løper sammen og for hverandre», skriv Kreftforeningen på sine heimesider.

På informasjonsmøtet, som er på Iris Scene klokka sju onsdag kveld, skal både den lokale leiargruppa delta, samt medlemmer i dei ulike undergruppene som arrangørane har. I tillegg kjem Geir Vangsnes, distriktssjef i Kreftforeningen, og rådgjevar Håkon Larsson-Fedde.

Treng frivillige

I tillegg til at møtet er for dei som vil stilla med lag, er det og eit stort behov for frivillige.

– Det treng vi mange av, og vi håpar det og vil komma folk på møtet som blir med, seier Lægreid og Mæland, og legg til at det er fullt mogleg å vera med på eit lag og samtidig vera frivillig.

Ikkje minst inviterer dei og «fighterar», som heile stafetten er bygd rundt. Det er folk som har hatt eller har kreft, som blir som æresgjestar å rekne under arrangementet.

– Alle bidrag vi får gjennom dette går til Kreftforeningen si forsking, som no og dreier seg mykje om seinskadar, fortel Mæland.

Dei som ønsker å støtta arrangementet er og inviterte på møtet.

– Alle vi har søkt samarbeid med har vore veldig positive. Folk har og vore utolmodige og ville stilla lag med ein gong, det får dei no sjansen til, smiler arrangørane.

Dei seier det blir eit arrangement for heile regionen, og håpar det vil komma folk frå Haugesundområdet, Eidfjord, Voss og Kvinnherad i tillegg til Ullensvang kommune.

– Alle er inviterte, stadfestar dei.